Kronikk: Hurra for sirkusfaget i kulturskolen!

2017 Sirkuskronikk 28.6.png
VIKTIG FAG: Sirkusfaget fungerer glimrande for inkludering, skriv kronikkforfattaren Hilde Roald Bern.
28.06.2017 Hilde Roald Bern (tekst) Heidi Davidson og Egil Hofsli (foto)
Del på:

Kronikk: Hurra for sirkusfaget i kulturskolen!

TRONDHEIM: Kulturskolen har nyleg fått sin sjette fagplan: Fagplan for sirkus. Måtte planen inspirere fleire kulturskolar til å gi eit tilbod i dette faget som fungerer glimrande for inkludering.

 

Kronikken er skreven av Hilde Roald Bern,

rådgiver i Norsk kulturskoleråd

 

«Faga i kulturskolen er først og fremst musikk, dans, teater, visuell kunst og skapande skriving. Kulturskolen kan også tilby undervisning i andre fag som høyrer til ytringskulturen» heiter det i Rammeplan for kulturskolen, kapittel 1.6. Faga i kulturskolen. Og no føreligg altså fagplan nummer seks, for sirkusfaget i kulturskolen (klar til nedlasting frå nettstaden kulturskoleradet.no.

 

Norsk kulturskoleråd håper at denne fagplanen for sirkusfaget, fører til at fleire kulturskolar får innblikk i fagets moglegheiter gjennom fagplanbeskriving av innhald, arbeidsmåtar og metodar – og at dette i neste omgang fører til at fleire barn og unge kan få tilbod om sirkus i sin kulturskole.

 

Det er per dato berre tolv av landets over 400 kulturskolar som tilbyr faget sirkus, men likevel har faget fleire hundre elevar, fordi det er eit «gruppefag» og fordi faget er så populært ved kulturskolane som har tilbodet.  Men her som elles i kulturskolen: pedagogen og hennar kompetanse og evner til å undervise i og formidle faget, er svært viktig og avgjerande for kor attraktivt faget er og blir.

 

Sirkus – eit fantastisk allmennfag

 

Hausten 2016 fekk eg høve til å hospitere nokre kveldar på sirkusfaget ved Trondheim kommunale kulturskole (TKK). Dette samt det at eg har vore involvert i arbeidet med fagplanen for sirkus i kulturskolen, har gitt meg mykje ny kunnskap på området.

 

Desse erfaringane og observasjonane har gjort at eg har blitt merksam på kva for eit stort potensiale som ligg i faget og metodikken rundt.

 

Kjernen i sirkusopplæringa ved kulturskolen er teknisk trening i dei ulike sirkusdisiplinane som kulturskolen tilbyr. Det kan vere forskjellege former for akrobatikk både på bakken og i lufta (t.d. golvakrobatikk, pyramide, trampoline, trapes, tissue og tau), balanse (t.d. handståande, eithjulssykkel, rola, stylter og line) og sjonglering med ballar, ringar, kjegler og diabolo.

 

Samarbeid er svært viktig i sirkus, samarbeid mellom elev og lærar, samarbeid mellom to eller fleire elevar/elevgrupper og i forestillingssamanheng samarbeid på tvers både av alder og gjerne av fagområder i kulturskolen.

 

Aldersblanding er elles mykje brukt i sirkus i kulturskolen, og då særleg for dei elevane som har kome lengst, har størst interesse og talent eller er på fordjuping.

 

Sirkusfaget representerer ei kjelde til meistring, sjølvinnsikt, erkjenning og samhandling. I det eine augeblinken var det den enkelte elev eller elevgruppe som er i fokus med sine kunstar og ferdigheiter, og i det neste er eleven heilt nødvendige støttespelarar for andre i sirkusgruppa. Det å kunne gi og ta imot tillit og støtte og sikre kvarandre er i dei fleste disiplinar heilt vesentleg.

 

Og ved fleire høve, både under øvingar og framsyningar har eg blitt svært imponert over kor godt opplærde og trena elevane er i det å ta ansvar, og kor naturleg det ser ut for dei å løyse praktiske oppgåver, som å få nødvendig utstyr på plass, enten det er i undervisningstimen eller under framsyningar. På TKK sitt sirkustilbod er det då også i stor grad elevane som har ansvar for å sminke og ordne frisyren til kvarandre.

 

Noko som også imponerte meg når eg var til stades i timane, var kor bevisst elevane var på å ta imot applaus og å gi applaus til kvarandre. Og til tross for at dei utøvde mange dristige øvingar, så verka dei svært trygge.

 

I det heile observerte eg gjennom desse timane at elevane fekk mykje god og viktig lærdom og praksis i det å bli «gagns menneske for heim og samfunn».

 

Sirkus - eit glimrande fag for inkludering

 

Aukande internasjonalisering har ført til at samfunnet i dag er mykje meir komplekst enn tidlegare. I kulturskolens rammeplan (2014) blir det understreka at «Kulturskolen bør spegle mangfaldet gjennom eit breitt samansett tilbod i opplæringa, både når det gjeld undervisning, formidling og skapande verksemd». (Rammeplan for kulturskolen, kapittel 1.3. Kulturskolens formål).

 

Den kommunale kulturskolen kan - som eit kulturelt bindeledd og ressurssenter i kommunane – på ulike måtar invitere til inkludering i praksis på felles, ikkje-verbale møteplassar.

 

Nettopp det at sirkus er så fysisk og i stor grad krev samhandling, gjer at faget kan vere eit særs egna tilbod til nye landsmenn. Sirkus er bevegelse, noko som tilseier at alle har eit potensial for å kunne utøve sirkus.

 

Å gi individuelt tilpassa undervisning og det å sjå den enkelte elev, er vesentleg i sirkusfaget. Sirkus er ei internasjonal kunstform og har med andre ord eit særleg potensial som kunstnarisk kommunikasjonsplattform på tvers av språk og kulturar.

 

Sirkuslæraren i kulturskolen

 

Berre ved TKK er det ikkje mindre enn 180 elevplassar på sirkus. Minst like mange elevar står på venteliste. Faget har blitt svært populært ved TKK og ein ser også at det rekrutterer frå eit breiare samfunnslag enn dei tradisjonelle kulturskolefaga.

 

Som observatør må eg få lov å gi ein særleg honnør til ei sirkuslærarane ved TKK, ei gruppe lærarar som er høgt kvalifiserte og som er svært dedikerte i sitt yrke.

Det å få vere til stades å sjå alle sirkusdisiplinar dei tilbyr og deira måte å organisere og undervise på, er ei oppleving/erfaring som absolutt kan anbefalast. Ved førespurnad trur eg nok dei vil ta imot fleire.

 

Både desse lærarane og andre sirkuslærarar i norske kulturskular, har venta på ein fagplan i sirkus. No er den her og Norsk kulturskoleråd ynskjer lykke til med å ta den i bruk.

Les flere nyheter!