<< Tilbake | Last ned svaret som PDF
Svar fra Vestland fylkeskommune
Kategori: Kommune
Sendt inn av Eva Kristin Svidal
(seniorrådgjevar - ansvarleg for innsendig på vegne)
15.05.2024 kl.11:23
|
|
---|---|
Er strukturen i høringsutkastet til ny overordnet del av Rammeplan for kulturskolen forståelig og hensiktsmessig | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Ikke besvart |
Er fremstillingen og forklaringen av kulturskolens tre pilarer (kapittel 2.2) klar og hensiktsmessig? | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Realisering av dei tre pilarane vert mogleg gjennom kulturskulane sin profesjonelle kunst- og \r\nkulturfaglege kompetanse. Vektlegging av læringsmåla kan i enkelte tilfelle stå i vegen for utviklinga av \r\nelevane sin eigen kreativitet og frie skapartrong. Fylkesdirektøren har registrert at enkelte meiner at \r\nkulturskulane kan bli for opptekne av å lære bort fag, og i for liten grad ser den enkelte elev sine \r\ninteresser og ønskjer. Dette er ein diskusjon som er velkjend i opplæringssektoren. Ikkje alle barn og \r\nunge finn seg til rette i ordinære skuleslag, og heller ikkje i kulturskulen. Fylkesdirektøren meiner difor\r\nat kulturskulen bør være særleg merksam på balansen mellom læring, utfalding og berekraft. Dette \r\nbør reflekterast i rammeplanen. |
Er beskrivelsen av kulturskolens praksis, inndelt i tre områder, klar og hensiktsmessig? | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Fylkesdirektøren vurderer tredelinga som tenleg, og tydeleggjer at samarbeid med andre er ein viktig \r\ndel av kulturskulen si verksemd. |
Barn og unges medvirkning: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av barn og unges medvirkning og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen som samarbeidende aktør: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen som samarbeidende aktør og er dette behandlet hensiktsmessig? | Kulturskulane er eit for mange eit avgjerande ledd i løpet frå nybyrjar til profesjonell. Regional \r\nkulturplan har utvikla dette perspektivet, og sett mål om å utvikle samanhengen mellom dei tilboda \r\nsom tek ein framtidig utøvar inn i kulturen. Tilboda må vere tilgjengelege, og overgangen mellom dei \r\nikkje for kompliserte. \r\nKulturskulane er ofte katalysatorar for ulike lokale og regionale samarbeid. Korleis kulturskulane kan \r\nspele på lag med kulturlivet, og kva rolle det profesjonelle og frivillige kulturlivet spelar i høve \r\nkulturskulane, har likevel manglande omtale. Her har kulturskulane eit sjølvsagt ansvar som bør\r\nspeglast i planen.\r\nI Bergensregionen finn ein at mange lærarar i kulturskulen også er utøvarar i eit omfangsrikt\r\nprofesjonelt kunst- og kulturliv. Dette gjev tilgang på gode lærarkrefter og ressursar til fordjuping. Her \r\nligg eit potensiale som rammeplanen bør vere særleg merksam på. I andre deler av Vestland fylke, har \r\nein gode erfaringar frå samarbeidsprosjekt der tilsette i kulturskulane, både distriktsmusikarar og \r\npedagogar, samarbeider med andre profesjonelle kulturaktørar og det frivillige kulturlivet. Dette gjev \r\ntilsette i kulturskulane eit større læringsfellesskap enn berre innanfor eigen kommune, og dette verkar \r\n\r\nstyrkande for kulturskulen. Døme på dette er Sogn og Fjordane symfoniorkester og Opera Nordfjord. \r\nDet er viktig at planframlegget er merksam på dei positive effektane av slike arbeidsmåtar. \r\nFramlegget til rammeplan peiker på den lokale kulturskulen, kommunane, universitet, høgskular og \r\nforskingsmiljø som dei sentrale aktørane. Fylkesdirektøren meiner at dette er relevante partar, men ser \r\nat framlegget kan styrkast med fleire perspektiv på dei regionale utfordringane som kulturskulen står i, \r\nog korleis fylkeskommunane kan bidra. \r\nNorsk kulturskoleråd Vestland har sidan 2020 styrka kulturskulen som samarbeidande aktørar ut over\r\neigen kommune og lokalsamfunn. Dette er eit arbeid, som etter fylkesdirektøren si vurdering, har vore \r\nsvært viktig. I Vestland er ein i gang med å organisere fordjupingstilbod i større regionar der ein \r\nkulturskule i kvar region tek hovudansvaret. \r\nPå grunnlag av fylkeskommunane sitt ansvar for vidaregåande opplæring, som for mange er eit \r\nnaudsynt steg på vegen mot høgare kunstfagleg utdanning, bør rammeplanen presiserast.\r\nMange kulturskulelærarar underviser på kreative linjer i vidaregåande skule, og er del av eit \r\nlæringsfellesskap også på det nivået. Vestland fylkeskommune har til dømes samarbeidsprosjekt \r\nmellom kulturskule og musikkline i vidaregåande skule der ein i samarbeid gjev tilbod om fordjuping \r\ninnan utvalde instrumentgrupper. Når ein i tillegg legg til grunn fylkeskommunane si rolle i utviklinga \r\nav det profesjonelle kunst- og kulturlivet, er potensialet for å utvikle fordjupingstilboda på regionalt \r\nnivå stort. Det er ønskjeleg at rammeplanen nemner dette.\r\nNasjonalt er det teikna intensjonsavtale mellom UKM Norge (Ung kultur møtes), Kulturtanken (Den \r\nkulturelle skulesekken), Ungdom og Fritid og Norsk kulturskuleråd. Intensjonen er å dele erfaringar og \r\nsamarbeide om prosjekt til beste for barn og unge. Perspektiv på korleis den enkelte kulturskule skal \r\nbidra her, er fråverande i planen. I UKM og DKS er fylkeskommunane dessutan sentrale \r\ntenesteleverandørar. Kulturskulane er også viktige aktørar i mange av kommunane sine eigne DKStilbod. Dette peikar på samband mellom fylkeskommunane og kulturskolane som kan utviklast. \r\nFylkesdirektøren meiner at rammeplanen bør ta opp i seg dette.\r\n |
Kulturskole for alle: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskole for alle og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen i kommunalt planverk: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen i kommunalt planverk og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Med bakgrunn i politiske føringer eller endringer i samfunnet, er det i tillegg andre tema som skulle vært vektlagt i rammeplan for kulturskolen? | Sjå vedlegg med fullstendig høyringsuttale med vedtak frå fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune |
Vedlegg | 1715772237-31.pdf |