Høring: Svar

<< Tilbake | Last ned svaret som PDF

Svar fra Leverkårs utvalet og Ungdomsrådet - Øygarden kommune

Kategori: Kommune

Sendt inn av Bjørn Andersen (Rektor Øygarden kulturskule)
03.05.2024 kl.07:00
Er strukturen i høringsutkastet til ny overordnet del av Rammeplan for kulturskolen forståelig og hensiktsmessig Ja
Hvis nei: Fortell oss hvorfor Ikke besvart
Er fremstillingen og forklaringen av kulturskolens tre pilarer (kapittel 2.2) klar og hensiktsmessig? Ja
Hvis nei: Fortell oss hvorfor Ikke besvart
Er beskrivelsen av kulturskolens praksis, inndelt i tre områder, klar og hensiktsmessig? Ja
Hvis nei: Fortell oss hvorfor Ikke besvart
Barn og unges medvirkning: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av barn og unges medvirkning og er dette behandlet hensiktsmessig? Det er positivt at rammeplanen legg vekt på medverknad frå barn og unge i kulturskulen. Planen viser då til elevrådsordninga, som einmåte og gje barn og unge høve til medverknad på. Planen burde i tillegg vist til fleire døme på korleis brukarane kan medverke, gjennom til dømes elevundersøking kor ein stiller spørsmål om trygt skulemiljø, kulturskulen sine reglar, fysisk læringsmiljø, arbeidsforhold og læring m.m. Vidare kunne ein t.d. gjennomføre utviklingssamtalar med eleven, kor ein har dialog med eleven om mål og innhald i undervisninga. Dette vil vere med på å styrke medverknaden i kulturskulen.
Kulturskolen som samarbeidende aktør: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen som samarbeidende aktør og er dette behandlet hensiktsmessig? Rammeplanen viser til at kulturskulen skal samarbeide bredt. Planen viser t.d. at ein skal samarbeide med skule, SFO og barnehage og elles med kulturlivet i kommunen. Planen burde og hatt innhald for samarbeid mellom heim og kulturskule. Arena for slikt samarbeid kan t.d. vere utviklingssamtale og foreldremøte.
Kulturskole for alle: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskole for alle og er dette behandlet hensiktsmessig? Rammeplanen framhevar at kulturskulen skal vere eit tilbod til alle og følgje opp opplæringslova §26- 2. Kulturskulen bør spegle mangfaldet i samfunnet gjennom eit breitt samansett tilbod av undervisning, formidling og skapande verksemd og tilby nye og samansette fag for å nå nye målgruppe. «Kulturskule for alle» vil ein kunne få til ved t.d. gjennom medverknad, inkludering og ivaretaking av mangfald.
Kulturskolen i kommunalt planverk: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen i kommunalt planverk og er dette behandlet hensiktsmessig? Kulturskulen som ein del av det kommunale planverket er nemnd ein gong i planen. (4.1.1 Strukturkvalitet, prosesskvalitet og resultatkvalitet – kulepunkt 6.) Rapporten Kultur + skule = sant, Telemarksforsking og NTNU viser til at kultursektoren og kulturskulen manglar politisk styring både på nasjonalt og lokalt nivå, og det lokale planverket er ofte mangelfullt. Dette gjer i sin tur til at kulturskulane ofte får lite merksemd i politiske organ lokalt. Rammeplanen bør innehalde forslag til korleis den enkelte kommune kan implementere kulturskulen i sitt planverk. Ei løysing kan vere å utarbeide eigen kulturskuleplan, ein plan som uttrykker noko om kommunen sine visjonar og mål med kulturskulen og som kan meisle ut korleis utvikle kulturskulen for framtida. Viktige avklaringar rundt digitalisering, medverknad og samarbeid vil vere tema som må vurderast i ein slik plan.
Med bakgrunn i politiske føringer eller endringer samfunnet, er det i tillegg andre tema som skulle vært vektlagt i rammeplan for kulturskolen? Kommunedirektøren kjem ikkje med andre innspel enn det som vert vist til under vurderinga over.
Vedlegg Ingen vedlegg