Nordeas sin kulturskulepris til multimusikaren Kristina

2018 Kulturskulepris 8.6.jpg
FIKK NORDEAS KULTURSKULEPRIS: Kristina Fransson er tildelt Nordeas kulturskulepris. Her flankert av kulturskulerektor Trude Skarvatun og Rune Tonning fra Nordea Førde.
08.06.2018 Egil Hofsli (tekst) Arvid Anthun (foto)
Del på:

Nordeas sin kulturskulepris til multimusikaren Kristina

FØRDE: Fredag 1. juni ble Kristina Fransson (18) frå Førde tildelt Nordeas sin kulturskulepris. Kulturskuleeleven Kristina har gått på Førde kulturskule sidan ho var fire år, og spelar fleire instrument.

 

Kristina fekk prisen overrakt på Kulturnatt i Førde, under ein skulekorpskonsert. Utdelinga var inntil då hemmeleg for prisvinnaren, som ble veldig overraska.

 

Prisvinnaren får diplom og 10 000 kroner samtidig som kulturskulen hennar fekk 5 000 kroner til å bruka på formidlingsutstyr.

 

Meir om Nordea sin kulturskulepris

 

I søknaden frå Førde kulturskule på vegne av Kristina ble hun omtala slik:

 

"Kristina Fransson er 18 år og har gått på Førde kulturskule sidan ho var 4. Først på musikkleikestove for born, så på piano. Vidare starta ho på kornett og gitar, og ho får framleis undervisning på trompet med Arvid Anthun som lærar og på piano med Jon Kristian Bye.

Av personlege eigenskapar beskriv lærarane hennar slik: ho er alltid godt førebudd, ho har ein sterk «drive» og indre motivasjon. Ho stiller opp på alt ho blir bedt om, og jobbar jamt og målbevisst med musikken. Ho har ein naturleg musikalitet og eit unikt formidlingstalent."

 

Juryen peikar på at Kristina har eit skyhøgt musikalsk nivå og ei enorm formidlingsglede. Ho sjonglerer rollene mellom jobbande musikant på fjerdekornett med krevjande solistoppgåver på store scener. I sosialt samspel fungerer ho like godt med ein tiåring i korpset som med ein profesjonell musikar i symfoniorkestra.

 

Ho er svært allsidig som musikar og tar mange speleoppdrag både som trompeter og som «one-woman band» med gitar, song og loop-pedal. Ho skriv om seg sjølv:

 

- Det å ha variasjon i det musikalske i staden for spesialisering, ser eg på som ein styrke. Eg likar å eksperimentere med ulike sjangrar og instrument i tillegg til trompet.

 

Kristina sine merittar:

  • Har delteke på pianofestivalar i Førde og i Italia.
  • Har spelt bass i fleire år med Mini-Kids, eit band starta på Førde barneskule.
  • Spelar kornett i Førde Skulemusikkorps og Jølster Musikklag.
  • Har vunne pris som «beste solist» på Nordvestmeisterskapet med Førde Skulemusikkorps tre gonger.
  • Har delteke i regionale Ungdommens musikkmeisterskap i fleire år, og har også kome til det nasjonale meisterskapet.
  • Har vore solist med Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Bergen Filharmoniske Orkester.
  • Fekk Draumestipendet frå Norsk Tipping og Norsk kulturskuleråd i 2016.

Les flere nyheter!