Nordeas sin kulturskulepris til musikaren Sara Rose Zadig

2018 Nordea kulturskolepris-1 18.6.jpg
FIKK NORDEAS KULTURSKULEPRIS: Sara Rose Zadig er tildelt Nordeas kulturskulepris. Her flankert av Rune Tonning, banksjef i Nordea i Sunnfjord (t.v.) og kulturskulerektor Ole Jakob Nedrebø. (Foto: privat)
18.06.2018 Egil Hofsli (tekst)
Del på:

Nordeas sin kulturskulepris til musikaren Sara Rose Zadig

FJALER: Søndag 17. juni ble Sara Rose Zadig (17) frå Dale i Fjaler tildelt Nordeas sin kulturskulepris. Sara har vore elev ved den lokale kulturskulen sidan 2008, og har hatt piano og song som sine instrument samd delteke i moderne dans.

 

Sara fekk prisen overrakt på eit kulturskulearrangement på Våge skule søndag.

 

Prisvinnaren får diplom og 10 000 kroner samtidig som kulturskulen hennar fekk 5 000 kroner til å bruka på formidlingsutstyr.

 

Under utdelinga takka Sara kulturskulen generelt og særleg faglærar Hanne Dybvik (t.v. på bildet t.h.) for den gode undervisinga og oppfylginga ho har fått. Også foreldra var takka for god støtte og hjelp i øvingskvardagen.

 

Meir om Nordea sin kulturskulepris

 

- Vi som har fulgt Sara gjennom åra, har sett ei jente som har utvikla seg raskt og målbevisst, og vore positiv å samarbeide med. Ho har opptredd mykje både for kulturskulen og i andre lokale samanhengar, og når høvet byr seg er ho flink å fortelje kor viktig kulturskulen har vore for hennar utvikling, seier Ole Jakob Nedrebø, juryleiar og rektor ved Hyllestad og Fjaler kulturskule. Også Øyvind Rye Dybvik (kulturskulelærar) og Gjemund Flage (oppvekstsjef i Hyllestad) har delteke i juryarbeidet.

 

I søknaden skriv Sara fylgjande:

 

"For meg handlar musikk om å utrykke meg sjølv. Det gjev meg ei form for trøst om eg har det vanskeleg, men fyrst og fremst gjev det meg ei kjensle av stor glede. Gjennom musikken kan eg utrykke kjensler som berre eg føler, og å få dele det med publikum er ganske spesielt. Det er meir utfordrande å nå fram til eit publikum når eg set bak eit piano, difor må eg ha eit stort fokus på formidling når eg opptrer. Eg passar til dømes på å ha pianoet slik at ansiktet mitt er vendt mot publikum.

 

Om eg vinn prisen, vil eg bruke dei mulegheitene den gjev meg til å drive med musikk vidare i framtida, og til å opptre offentleg. Difor ynskjer eg å kjøpe eige lydutstyr som eg sjølv kan kople opp når eg skal opptre med song og piano.

 

Eg ynskjer denne prisen fordi eg vil fortsette å drive med det som gjer meg glad, og fordi eg ynskjer å utvikle meg. Om to år er eg ferdig på vidaregåande og det blir difor vanskeleg å halde på med musikk dersom eg ikkje har det rette utstyret. Eg har lyst å kunne opptre framfor eit publikum også i framtida, sjølv om ikkje får hjelp frå kulturskulen".

Les flere nyheter!