<< Tilbake | Last ned svaret som PDF
Svar fra Stord kommune v/Eining for kultur
Kategori: Kommune
Sendt inn av Anne Lene Østvold Jordåen
(Kultursjef)
07.05.2024 kl.11:00
|
|
---|---|
Er strukturen i høringsutkastet til ny overordnet del av Rammeplan for kulturskolen forståelig og hensiktsmessig | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Stord kommune opplever strukturen i høyringsutkastet til ny rammeplen for kulturskulen som hensiktsmessig og forståeleg. Innleiing opplevast noko uryddig og lang, og bør strammast opp. Introduksjonen av dei tre pilarane (læring, utfolding og berekraft) i innleiinga kjem brått på og bør rammast betre inn, då ein ikkje har nytta omgrepet pilarar tidlegare. I tillegg bør pilarane henga i saman med nest siste avsnitt s. 5 (det som startar med: En kulturskole for alle ). Vidare saknar me ei overskrift før siste avsnitt i innleiinga, der ein skildrar innhaldet i planen. Stord kommune saknar nynorsk versjon av utkastet, det er ei forventning om at det kjem. |
Er fremstillingen og forklaringen av kulturskolens tre pilarer (kapittel 2.2) klar og hensiktsmessig? | Nei |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Stord kommune meiner omgrepet pilarar er bra, men må rammast inn og konkretiserast noko. Dette kan og gjerast i innleiinga med at ein skriv noko om grunnen for å nytte omgrepet pilarar, jf. kommentaren over. Me opplever at punkta under «derfor er kulturskulen» i kap. 2.3. Kulturskolen mål, er noko uryddig og burde stå i innleiinga eller skrivast om til å bli mål. Vidare bør siste del av kap. 2.2., der ein skildrar kva berekraft handlar om, flyttast til kap. 2.4. Kulturskolen en aktør for sosial bærekraft. |
Er beskrivelsen av kulturskolens praksis, inndelt i tre områder, klar og hensiktsmessig? | Nei |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Stord kommune meiner at dei tre områda er betre skildra i noverande rammeplan for kulturskulen, i tillegg undrar me oss over at breiddeprogram er endra til breiddetilbod. Stord kommune/kulturskule kjenner seg ikkje igjen i skildringa av breiddetilbodet. Kap. 3.3 Digitalitet og dialog, er utydeleg og bodskapet kjem ikkje tydeleg fram. Me er uroa for at dette avsnittet raskt vil «gå ut på dato» og at kulturskolerådet bør søkja ekstern kompetanse i skriving av dette avsnittet, t.d. bør ikkje avsnittet ha slik setning : «På noen området kan de (elevane) også meir om det digitale enn kulturskolelæreren kan». Vidare må avsnittet sei noko om kunstig intelligens. |
Barn og unges medvirkning: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av barn og unges medvirkning og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen som samarbeidende aktør: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen som samarbeidende aktør og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskole for alle: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskole for alle og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen i kommunalt planverk: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen i kommunalt planverk og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Med bakgrunn i politiske føringer eller endringer i samfunnet, er det i tillegg andre tema som skulle vært vektlagt i rammeplan for kulturskolen? | Stord kommune har ikkje forslag til andre tema, men har følgjande kommentarar: I kap. 4.1.1. Struktrukvalitet, prosesskvalitet og resultatkvalitet, siste avsnitt, me meiner at ordet reel bør takast bort frå kulturpunkt ein, og at det skal stå «alle barn og unge har tilgang på kulturskolens tilbod». I kap. 4.4. Universitet og høgskolers ansvar, me undrar oss over at det i ein rammeplan for kulturskulen skal delegerast ansvar til universitet og høgskolar, me foreslår difor at det heller bør stå Universitet og høgskolers rolle. Stord kommune saknar at andre minoritetar vert omtala i tillegg til dei samiske. |
Vedlegg | Ingen vedlegg |