<< Tilbake | Last ned svaret som PDF
Svar fra Fjord kulturskule
Kategori: En kulturskole
Sendt inn av Thea Marie Ytterdal
(Konstituert rektor)
13.05.2024 kl.06:38
|
|
---|---|
Er strukturen i høringsutkastet til ny overordnet del av Rammeplan for kulturskolen forståelig og hensiktsmessig | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Samanlikna med førre Rammeplan er høyringsutkastet oversiktleg og oppsettet opplevast betre enn den gamle. Inndelinga av kapitla fungerer og gir ei god oversikt. Språkleg sett verkar det ikkje heilt gjennomarbeidd. Det er mykje feil i bruken av komma, og mange stader er det eit virvar av teikn i same setning. Mange setningar er også for lange og innhaldstunge, t.d siste setning s. 4. «Gjennom arbeid med kunst og kultur utvikles fantasi og sanselighet . osv» Ei setning som dette kunne med fordel vore delt opp. Nokre stader er det også gjentakingar av eit tema eller ei forklaring med litt ulike formuleringar. Ein forstår at skrivaren har hatt mykje på hjartet, men det blir ikkje alltid like tilgjengeleg for lesaren. |
Er fremstillingen og forklaringen av kulturskolens tre pilarer (kapittel 2.2) klar og hensiktsmessig? | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Vi saknar likevel ein betre samanheng mellom definisjonen av berekraft i innleiinga og forklaringa i del 2.2. Demokrati er ikkje nemnt i 2.2, men er eit svært viktig perspektiv, ikkje minst i vår tid. |
Er beskrivelsen av kulturskolens praksis, inndelt i tre områder, klar og hensiktsmessig? | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Ikke besvart |
Barn og unges medvirkning: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av barn og unges medvirkning og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen som samarbeidende aktør: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen som samarbeidende aktør og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskole for alle: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskole for alle og er dette behandlet hensiktsmessig? | Det er eit enormt sprik mellom måla og perspektiva i Rammeplanen og den verkelegheita mange av oss opplever. På den eine sida er det inspirerande og viser perspektiv å strekke seg mot og at vi som kulturskulelærarar er del av ein større samanheng. På den andre sida er kvardagen hard. Det er t.d. økonomiske utfordringar, politisk nedprioritering, rekrutteringsproblem og ventelister, lite inkludering i kommuna sin tenesteproduksjon elles og utfordringar i samarbeidet med grunnskulen. Kulturskulen treff også skeivt sosio-økonomisk og mange familiar har logistikk-utfordringar når undervisninga er lagt til ettermiddags- og kveldstid i kommunar med lite eller ingen kollektivtransport. Vi ser stort behov for at kulturskulen blir billegare og gratis, slik barnehage og grunnskule er. Vi kan ikkje sjå at samarbeid med føresette er nemnt. Dette er eit tema som bør med. Del 1, mangfald av kulturuttrykk. Demokrati, toleranse m.m. er nemnt. Kan hende bør ein vere meir spesifikk/utdjupe dette meir knytt til fleire minoritetar, t.d. innvandrarar i ei tid med aukande rasisme? I 1.1.3. er det også nemnt «urfolk og stammefolk», men i det vidare handlar det kun om samar. Her kunne ein t.d. inkludere kven, romani og jødar. |
Kulturskolen i kommunalt planverk: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen i kommunalt planverk og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Med bakgrunn i politiske føringer eller endringer i samfunnet, er det i tillegg andre tema som skulle vært vektlagt i rammeplan for kulturskolen? | Ikke besvart |
Vedlegg | Ingen vedlegg |