<< Tilbake | Last ned svaret som PDF
Svar fra Valle kommune v/Levekårutvalet
Kategori: Kommune
Sendt inn av Torunn Charlotte Nyberg
(Leiar Kultur og fritid)
15.05.2024 kl.09:43
|
|
---|---|
Er strukturen i høringsutkastet til ny overordnet del av Rammeplan for kulturskolen forståelig og hensiktsmessig | Nei |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Vedtak: Språket i rammeplanen er viktig for at flest mogeleg skal oppleve planen som tilgjengeleg og relevant. Levekårutvalet vil oppmode til at det blir lagt vekt på klarspråk og ei visuelt lesarvenleg utforming i den endelege utgåva av planen. Vurdering: I forhold til tidlegare rammeplan for kulturskulen («Mangfald og fordjuping», 2012) er den nye planen korta ned, men språket kan opplevast som noko vanskeleg for den alminnelege lesar. Medviten bruk av klarspråk og ein lesarvenleg layout, til dømes ved bruk av faktarammer og visuelle verkemidlar/illustrasjonar, ville kunne vere med på å gjere planen tilgjengeleg og relevant for fleire. |
Er fremstillingen og forklaringen av kulturskolens tre pilarer (kapittel 2.2) klar og hensiktsmessig? | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Ikke besvart |
Er beskrivelsen av kulturskolens praksis, inndelt i tre områder, klar og hensiktsmessig? | Ja |
Hvis nei: Fortell oss hvorfor | Ikke besvart |
Barn og unges medvirkning: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av barn og unges medvirkning og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen som samarbeidende aktør: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen som samarbeidende aktør og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskole for alle: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskole for alle og er dette behandlet hensiktsmessig? | Ikke besvart |
Kulturskolen i kommunalt planverk: Ivaretar teksten ønsket om vektlegging av kulturskolen i kommunalt planverk og er dette behandlet hensiktsmessig? | |
Med bakgrunn i politiske føringer eller endringer i samfunnet, er det i tillegg andre tema som skulle vært vektlagt i rammeplan for kulturskolen? | Vedtak: Folkemusikk er ein del av vår felles kulturarv. Kulturskulen har eit ansvar for å bidra til å gjere kulturarven kjent og halde tradisjonen aktuell og levande. I mange delar av landet er folkemusikken ein vesentleg del av musikklivet og lokalmiljøet. Folkemusikken i Setesdal i Agder spel, dans og song kom på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv i 2019. Levekårutvalet i Valle kommune meiner at folkemusikk og -dans må vere omtalt og inkludert i rammeplanen for kulturskulen. Vurdering: Innleiinga til forslag til ny rammeplan for kulturskulen slår fast at kulturskulane ivaretek kulturarv. Kapittel 1 Kulturskulen sitt samfunnsoppdrag nemner også UNESCO-konvensjonen om vern av den immateriell kulturarven som ein internasjonal konvensjon som forpliktar kulturskulen. Planen peikar vidare på at kulturskulen skal leggje til rette for eit mangfald av kulturutrykk som skal inkludere urfolk, nasjonale minoritetar og nye folkegrupper. Folkemusikken som ikkje berre er ein sjanger, men faktisk ein del av vår felles immaterielle kulturarv er ikkje nemnt. Kulturarv er ei viktig kjelde til kunnskap, opplevingar og forståing for andre kulturar, og det er naturleg at ein rammeplan for norsk kulturskule peikar på og tek inn i seg kommunen sitt ansvar for kulturarven. Dette ansvaret gjeld, sjølvsagt, i særleg grad i dei områda der folkemusikken er ein del av det tradisjonelle kulturuttrykket, men også må det gjelde i kulturskulen generelt. |
Vedlegg | Ingen vedlegg |