Kulturskolen omtalt i Hurdalsplattformen
HURDAL: Den nye regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha mulighet til å få undervisning på kulturskolen. Det er hva som står om kulturskolen i Hurdalsplattformen, regjeringserklæringen Arbeiderpartiet og Senterpartiet har som grunnlag for regjeringssamarbeidet de torsdag 14. oktober går i gang med.
– Kulturskolen er ikke viet mange ordene i regjeringserklæringen, men dette er likevel et godt grunnlag for dialog med den nye regjeringen, sier Morten Christiansen, direktør i Norsk kulturskoleråd.
Hurdalsplattformen ble presentert i ettermiddag, og kulturskolen er nevnt på side 52, i kapittelet Kunnskap: Kunnskap for framtida. I dokumentet, som er skrevet på nynorsk, er siste kulepunkt i underkapitlet Ein fellesskule der alle elevar lærer, meistrar og trivst godt, følgende:
- Arbeide for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å få undervisning på kulturskulen.
Innledningsvis i dette underkapitlet skrives det følgende:
"At barn og unge med ulik bakgrunn lærer saman i skulen, er viktig for fellesskapet, det byggjer ned forskjellar og opp tilliten vi har til kvarandre. Alle elevar skal kunne gå på skule saman med barn frå nærmiljøet. Fellesskulen skal gi elevane gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking.
Regjeringa vil vidareføre fagfornyinga og arbeide for å utløyse det fulle potensialet i dei nye læreplanane. Regjeringa vil innføre ei tillitsreform i skulen i dialog med partane. Det skal vere eksamen og karakterar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, samtidig som ein skal gjennomgå behovet for nye former for vurdering i tråd med nye læreplanar og undervisingsformer."
I tillegg til kulepunktet om kulturskolen sier den påtroppende regjeringa følgende om hva den vil når det gjelder temaet Ein fellesskule der alle elevar lærer, meistrar og trivst godt:
Regjeringa vil:
- Styrkje tidleg innsats i skulen, blant anna ved å leggje til rette for fleire spesialpedagogar og annan spesialkompetanse som kan gi elevar rask og ubyråkratisk oppfølging.
- Gi dei yngste elevane ein betre overgang frå barnehage til skule med meir aktiv og leikbasert pedagogikk det første skuleåret, tilpassa behova og utviklinga til elevane.
- Setje ned eit partssamansett utval for å gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet (NKVS) i skulen, med sikte på å blant anna redusere omfanget av testar og prøver, og ta initiativ til at kommunar skal gjennomgå rapporterings- og dokumentasjonskrav regelmessig.
- Endre nasjonale prøver i dialog med partane. Det pågåande arbeidet med nye progresjonsprøver blir sett på pause.
- Stramme inn privatskuleloven ved å fjerne profilskular og yrkesfagopplæring som godkjenningsgrunnlag for statstilskot, og styrkje lokale folkevalde si moglegheit til å seie nei til nye privatskular og utvidingar.
- Gjennomføre «Veikart for universelt utformet nærskole» innan 2030, blant anna ved å gjeninnføre rentekompensasjonsordninga for skulebygg og svømmeanlegg.
- Styrkje elevane sin rett til læremiddel og hjelpemiddel tilpassa funksjonsnivå, og sikre at alle elevar får læremiddel på eiga målform.
- Lovfeste retten til nynorskelevar i språkdelte område til å halde fram i eigne nynorskklasser på ungdomstrinnet.
- Styrkje kravet til kvaliteten i og omfanget av svømmeundervisninga i skulen.
- Sikre at alle elevar har tilgang til skulebibliotek.
- Vidareføre lovkravet om leirskule i ny opplæringslov.
Den nye regjeringserklæringen ble tidligere i dag godkjent av stortingsgruppene til Arbeiderpartiet og Senterpartiet.
Les også: Tonje Brenna ny kunnskapsminister
Les også: Ikke ei krone mer i statsstøtte til kulturskoleutvikling