Aktuelt
Konferanse: Kultur og oppvekst hand i hand Norsk kulturskoleråd Vestland i samarbeid med KS Vestland arrangerar (16. og*) 17. november konferansen Kultur og oppvekst hand i hand. Her handlar det om kulturskulen som utviklingsaktør i kommunen. Barne- og familieminister Kjersti Toppe stiller, for å holde foredraget "En oppvekst for livet".
*) Den 16. er det berre ein konferansepost: Konferanseaperitif med gjestar kl. 18.30.
Innkalling og kunngjering Årsmøte Norsk kulturskoleråd Vestland 2023 og valkomiteen sitt skriv til medlemmene Her kjem vedlegg med kunngjering av og innkalling til årsmøte torsdag 16. november i Norsk kulturskoleråd Vestland for medlemskommunane i Vestland. > Påmelding her. Påmeldingsfrist fortløpende.
Medlemskommunen oppnemner inntil fire delegatar med godkjende fullmakter til årsmøtet. Minst ein av desse bør være folkevald representant. Signert fullmaktsskjema (sjå påmeldingssida) for delegatar frå kommunen vert sendt på e-post til underteikna ved påmelding.
Fredag 17. november vert det årsmøtekonferanse same stad som årsmøtet. Norsk kulturskoleråd Vestland samarbeider i 2023 med KS Vestland. Programmet vert lagt ut hausten 2023. Me har von om å sjå medlemmene og samarbeidspartar innan ulike sektorar for dialog og samhandling. Sjå meir informasjon i påmeldinga.
Aktuelle dokument Årsmøte - kunngjering og innkalling Saker frå medlemmane samd styret si tilråding Valkomiteen sitt skriv medlemskommunane
|
||||||
Kunstfagkonferanse Vestland 2022 / relevante dokumentDokument legges ut innen november 2022 |
||||||
Leiarsamling oktober 2022 / relevante dokumentForslag til programtekstar om kulturskulen ved valet 2023 Leiarane som kulturelle arkitektar Ole Jakob Nedrebø sin presentasjonen Atea - presentasjon om informasjonssikkerhet |
||||||
Masterclass og konsertLørdag 21. mai 2022 inviterer Sunnfjord kulturskule alle fløyteinteresserte til å lytte til mesterklasse med professor Lars Asbjørnsen frå UiT, Noregs Arktiske Universitet i Tromsø. Mesterklasse vil seie at undervisninga er open for publikum. Det er elevar og studentar som får undervisning, men alle oppmodast til å ta med instrument og delta i små fellesbolkar med tips og triks.
Det er mogleg det vert ein ledig deltakarplass, så ta kontakt med Helga Lied Wyrtz dersom du har fløyteelevar som er interesserte i å spele på masterclass.
Tid: 12.00-17.30 / Stad: Sunnfjord Kulturskule, Nordsalen / Entré: Gratis
Søndag 22. mai blir det offentleg konsert der både deltakarar og kurshaldarar opptrer.
Tid: 16.00 / Stad: Sunnfjord Kulturskule, Nordsalen / Entré: Gratis
Medvirkande: Kursdeltakarar, Lars Asbjørnsen samd distriktsmusikarane Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi.
Lars Asbjørnsen vart fødd i Trondheim og studerte i Oslo, Essen og Paris. Han har budd på kontinentet det meste av sitt vaksne liv, og har vore solofløytist i Ulm filharmoniske orkester og Nederlands filharmoniske orkester, samt undervist i fløyte m.a. ved akademiet i Wiesbaden. Lars har vore leiar for Norsk Fløyteforening i ei årrekke, og har knytta kontinentet saman med det norske fløytemiljøet. Han er no kommen tilbake til Noreg som professor i fløyte i Tromsø, og fokuserer på å vere med og bygge opp fløytemiljøet i landet.
Helga Lied Wyrtz er opprinneleg fra Ålesund, og har m.a. studert fløyte ved musikkonservatoria i Århus og Bruxelles. Helga er solofløytist i Opera Nordfjord, og har lang erfaring frå kammermusikkfestivalar i inn- og utland. Sidan 2003 har ho vore tilsett som distriktsmusikar. Ho har delteke på fleire kurs og festivalar både i USA og Europa for å halde seg fagleg oppdatert og kunne bygge eit solid fløytemiljø i Sunnfjord. For tida studerer ho pedagogikk ved Griegakademiet. Ho har også gjort juryarbeid for Spellemannprisen.
Noemi Stasi er ungarsk-serbisk, og vaks opp i Subotica. Ho studerte piano i Novi Sad, Budapest og Oslo. Noemi er sjudobbelt vinnar av den nasjonale, serbiske pianokonkurransen, og har også vunne stipend og andre høgthengunde utmerkingar i studietida. Ho har sidan spesialisert seg ytterlegare med master i kammermusikk og akkompagnement fra NMH, og har også jobba som repetitør for dansarar ved KHIO i Oslo. Ho er tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord sidan 2019. |
||||||
Eigenkapitalmidlar tildeltI tråd med vedtak på Årsmøtet 2021, er det i dag tildelt eigenkapitalmidlar til medlemmer i Norsk kulturskoleråd Vestland. Totalt 16 kulturskular/kommunar er involvert i søknadane.
Årsmøtet 2021 i Norsk kulturskoleråd Vestland vedtok å utlyse midlar i tråd med desse retningslinjene: - Regionale samarbeid- og samhandlingsprosjekt. - Utviklings- og innovasjonstiltak i kulturskulane. - Regional nettverksbyggjing i Vestland fylke for kulturskuleleiinga. - Regional nettverksbyggjing i Vestland fylke for lærarane i kulturskulane.
Desse kulturskulane/kommunane har fått tilskot i tråd med retningslinjene: Askøy / Austrheim / Fedje / Stad / Sunnfjord / Sunnfjord og nettverk av kulturskulane/kommunane Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn, Høyanger og Solund / Vik / Øygarden og nettverk av kulturskulane/kommunane Alver, Askøy og Bjørnafjorden |
Årsmøte og årsmøtekonferanse 2023 Årsmøte - kunngjering og innkalling |
Ekstraordinært årsmøte 2022 |
Tidligere Norsk kulturskoleråd
Tidligere Norsk kulturskuleråd
Tilbake til Norsk kulturskoleråd