Aktuelt

Del på:

Aktuelt

 

Konferanse: Kultur og oppvekst hand i hand

Norsk kulturskoleråd Vestland i samarbeid med KS Vestland arrangerar (16. og*) 17. november konferansen Kultur og oppvekst hand i hand. Her handlar det om kulturskulen som utviklingsaktør i kommunen. Barne- og familieminister Kjersti Toppe stiller, for å holde foredraget "En oppvekst for livet".

 

*) Den 16. er det berre ein konferansepost: Konferanseaperitif med gjestar kl. 18.30.

 

> Se konferanseprogram her

 

Innkalling og kunngjering Årsmøte Norsk kulturskoleråd Vestland 2023 og valkomiteen sitt skriv til medlemmene

Her kjem vedlegg med kunngjering av og innkalling til årsmøte torsdag 16. november i Norsk kulturskoleråd Vestland for medlemskommunane i Vestland. > Påmelding herPåmeldingsfrist fortløpende.

 

Sakskart her

 

Medlemskommunen oppnemner inntil fire delegatar med godkjende fullmakter til årsmøtet. Minst ein av desse bør være folkevald representant. Signert fullmaktsskjema (sjå påmeldingssida) for delegatar frå kommunen vert sendt på e-post til underteikna ved påmelding.


Valkomiteen i Norsk kulturskoleråd Vestland ved leiar og underteikna tek i mot forslag til kandidatar til verv innan 24. august. Sjå vedlagt skriv.


Årsmøtekonferanse fredag 17. november

Fredag 17. november vert det årsmøtekonferanse same stad som årsmøtet. Norsk kulturskoleråd Vestland samarbeider i 2023 med KS Vestland. Programmet vert lagt ut hausten 2023. Me har von om å sjå medlemmene og samarbeidspartar innan ulike sektorar for dialog og samhandling. Sjå meir informasjon i påmeldinga.

 

Aktuelle dokument

Årsmøte - kunngjering og innkalling

Saker frå medlemmane samd styret si tilråding

Valkomiteen sitt skriv medlemskommunane

 

Kunstfagkonferanse Vestland 2022 / relevante dokument

Dokument legges ut innen november 2022

Leiarsamling oktober 2022 / relevante dokument

Forslag til programtekstar om kulturskulen ved valet 2023

Leiarane som kulturelle arkitektar

Ole Jakob Nedrebø sin presentasjonen

Atea - presentasjon om informasjonssikkerhet

Atea - presentasjon om personvern

Menti gruppesvar

Masterclass og konsert

Lørdag 21. mai 2022 inviterer Sunnfjord kulturskule alle fløyteinteresserte til å lytte til mesterklasse med professor Lars Asbjørnsen frå UiT, Noregs Arktiske Universitet i Tromsø. Mesterklasse vil seie at undervisninga er open for publikum. Det er elevar og studentar som får undervisning, men alle oppmodast til å ta med instrument og delta i små fellesbolkar med tips og triks.

 

Det er mogleg det vert ein ledig deltakarplass, så ta kontakt med Helga Lied Wyrtz dersom du har fløyteelevar som er interesserte i å spele på masterclass.

 

Tid: 12.00-17.30 / Stad: Sunnfjord Kulturskule, Nordsalen / Entré: Gratis

 

Søndag 22. mai blir det offentleg konsert der både deltakarar og kurshaldarar opptrer.

 

Tid: 16.00 / Stad: Sunnfjord Kulturskule, Nordsalen / Entré: Gratis

 

Medvirkande: Kursdeltakarar, Lars Asbjørnsen samd distriktsmusikarane Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi.

 

Lars Asbjørnsen vart fødd i Trondheim og studerte i Oslo, Essen og Paris. Han har budd på kontinentet det meste av sitt vaksne liv, og har vore solofløytist i Ulm filharmoniske orkester og Nederlands filharmoniske orkester, samt undervist i fløyte m.a. ved akademiet i Wiesbaden. Lars har vore leiar for Norsk Fløyteforening i ei årrekke, og har knytta kontinentet saman med det norske fløytemiljøet. Han er no kommen tilbake til Noreg som professor i fløyte i Tromsø, og fokuserer på å vere med og bygge opp fløytemiljøet i landet.

 

Helga Lied Wyrtz er opprinneleg fra Ålesund, og har m.a. studert fløyte ved musikkonservatoria i Århus og Bruxelles. Helga er solofløytist i Opera Nordfjord, og har lang erfaring frå  kammermusikkfestivalar i inn- og utland. Sidan 2003 har ho vore tilsett som distriktsmusikar. Ho har delteke på fleire kurs og festivalar både i USA og Europa for å halde seg fagleg oppdatert og kunne bygge eit solid fløytemiljø i Sunnfjord. For tida studerer ho pedagogikk ved Griegakademiet. Ho har også gjort juryarbeid for Spellemannprisen.

 

Noemi Stasi er ungarsk-serbisk, og vaks opp i Subotica. Ho studerte piano i Novi Sad, Budapest og Oslo. Noemi er sjudobbelt vinnar av den nasjonale, serbiske pianokonkurransen, og har også vunne stipend og andre høgthengunde utmerkingar i studietida. Ho har sidan spesialisert seg ytterlegare med master i kammermusikk og akkompagnement fra NMH, og har også jobba som repetitør for dansarar ved KHIO i Oslo. Ho er tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord sidan 2019.

Eigenkapitalmidlar tildelt

I tråd med vedtak på Årsmøtet 2021, er det i dag tildelt eigenkapitalmidlar til medlemmer i Norsk kulturskoleråd Vestland. Totalt 16 kulturskular/kommunar er involvert i søknadane.

 

Årsmøtet 2021 i Norsk kulturskoleråd Vestland vedtok å utlyse midlar i tråd med desse retningslinjene:

- Regionale samarbeid- og samhandlingsprosjekt.

- Utviklings- og innovasjonstiltak i kulturskulane.

- Regional nettverksbyggjing i Vestland fylke for kulturskuleleiinga.

- Regional nettverksbyggjing i Vestland fylke for lærarane i kulturskulane.

 

Desse kulturskulane/kommunane har fått tilskot i tråd med retningslinjene:

Askøy / Austrheim / Fedje / Stad / Sunnfjord / Sunnfjord og nettverk av kulturskulane/kommunane Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Kinn, Høyanger og Solund / Vik / Øygarden og nettverk av kulturskulane/kommunane Alver, Askøy og Bjørnafjorden

 

Årsmøte og årsmøtekonferanse 2023

Årsmøte - kunngjering og innkalling

Saker frå medlemmane samd styret si tilråding

Valkomiteen sitt skriv medlemskommunane

Ekstraordinært årsmøte 2022

Kunngjering og innkalling

Kandidatar til verv i Norsk kulturskoleråd Vestland

Informasjon frå valkomiteen

 

Årsmøte 2021  
Protokoll Årsmøtekonferanse - flyer
Sakskart Årsmøtekonferanse - omtale av bidragsytere
Årsmøte - kunngjering og innkalling GSI-tall Hordaland 2019-2020
Styrets beretning 2019-2020 GSI-tall Sogn og Fjordane 2019-2020

 

Presentasjoner fra

Årsmøtekonferansen 2021

Barne- og ungdomskulturmelding - Viktoria Wrengbro og Synne N. Børstad Fordypning med mangfold - Rut Jorunn Rønning
Barnesongboka - Linda Røyseth Sandhåland og Kjersti Møllerup Wiik Forum for oppvekst i Sunnhordaland - Håvard Kroka
Digitalisering i kulturskolen, Bergen - Jon Raundalen Jakob Sande - senter for forteljekunst, Hyllestad - Mats Systaddal
Direksjon og EU-prosjekt, Voss - Oddvar Nøstdal Kulturskuleutvikling, Sunnfjord - Trude Skarvatun
En skole for vår tid - Svein Erik Fjeld Ung musikk - modell for fordypning og talentutvikling, Viken
Flyt, Bremanger - Grete Berntzen Unge talenter Bjergsted, Stavanger

 

Lokale nyheter for Vestland

på kulturskoleradet.no

 

Tidligere Norsk kulturskoleråd

Hordalands side

 

Tidligere Norsk kulturskuleråd

Sogn og Fjordanes side

 

 

Tilbake til Norsk kulturskoleråd

Vestlands hovedside