Rebekka får Nordea sin kulturskulepris

2017 Rebekka 3.11.JPG
PRIS TIL REBEKKA: Nordea sin kulturskulepris er tildelt Rebekka Sætrum Holt, elev ved Hyllestad og Fjaler kulturskule. Her er ho saman med Iris Loftheim (t.v.) frå Nordea, Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang og kulturskulerektor Ole Jakob Nedrebø. (Foto: Privat)
02.11.2017 Egil Hofsli (tekst)
Del på:

Rebekka får Nordea sin kulturskulepris

DALE: Nordea sin kulturskulepris er tildelt Rebekka Sætrum Holt (15), elev ved Hyllestad og Fjaler kulturskule. Om Rebekka seier juryen blant anne at «hun er ei hardtarbeidande, motivert og inspirert jente» og at «songen hennar gjev glede og inspirasjon både til henne sjølv og dei som høyrer henne».

 

Rebekka Sætrum Holt er 15 år og busett i Hellevik i Fjaler. Prisen fekk ho utdelt i Dale torsdag kveld, med Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang til stades. Rebekka får 10.000 kroner i prispengar, medan kulturskulen hennar får 5.000 kroner til å kjøpe utstyr til formidling.

 

I kriteria for prisen heiter det mellom anna at vinnaren skal halde eit fagleg høgt nivå, ha eit særleg talent i sin sjanger samt ha gode formidlingseigenskapar.

 

Meir om Nordea sin kulturskulepris

 

Kulturskuleelev sidan 2009

 

I si grunngjeving seier juryen følgjande: «Rebekka er ei hardtarbeidande, motivert og inspirert jente som har vore elev ved Hyllestad og Fjaler kulturskule sidan 2009. Song er hennar hovudinstrument, men ho handterer også piano og ukulele. Rebekka har utvikla seg raskt og målbevisst, og vore positiv å samarbeide med. Songen hennar gjev glede og inspirasjon både til henne sjølv og dei som høyrer henne».

 

Sjølv seier Rebekka i søknaden: «Eg har tatt songtimar i kulturskulen i fleire år, og det å syngje gjev meg mykje glede. Det at eg får så stor glede av det gjer at eg brukar minst ti-tolv timar kvar veke til å øve på songar. Når eg lærer meg nye songar bruker eg mesteparten av tida mi til å lære korleis eg skal utrykke følelsane mine. For meg er det veldig viktig å leve meg inn i teksten for å kunne formidle og ha riktig kroppsspråk. Eg har tenkt til å søkje på Firda vgs - musikklinja, og har tenkt å bruke eventuelle prispengar på eit keyboard eller eit el-piano som eg kan ha på hybelen. Det hadde og vore praktisk å ha ein iPad, der eg kunne ha lagt inn songtekstar for eksempel».

 

Med i treårig utviklingsprosjekt

 

Hyllestad og Fjaler kulturskule er, saman med Førde kulturskule, med i Nordea og Norsk kulturskuleråd sitt treårige utviklingsprosjekt Nordea-prosjektet KUL-TUR. Målet med prosjektet er å styrke merksemd og kunnskap knyta til produksjon, framføring og formidling i kulturskulane. Gjennom prosjektet støttar Nordea kulturskulerådet sitt arbeid for kompetanseutvikling i kulturskulane. Kulturskuleprisen er eit av mange delar av dette prosjektet.

 

Nordea sin representant, Iris Loftheim, og kulturskulerektor Ole Jakob Nedrebø seier at dei er glade for å sjå at prosjektet har ført til ei positiv utvikling både for kulturskulen sine elevar og tilsette.

Les flere nyheter!