- Velkomen til landsmøte!
STJØRDAL: Det er med glede vi ynskjer velkomen til Norsk kulturskoleråds landsmøte 2016. Det skriv styreleiar Nils R. Sandal og direktør Morten Christiansen i innleiinga til sakspapira til Landsmøtet 2016.
Det skriv styreleiar Nils R. Sandal og direktør Morten Christiansen i innleiinga til sakspapira til Landsmøtet 2016, som arrangerast i Stjørdal torsdag 20. oktober. Og dei fortsett slik:
"Gjennom dette landsmøtet skal vi sjå tilbake på dei to åra sidan siste landsmøte. Vi skal evaluere og vi skal eventuelt korrigere. Landsmøtet 2014 gav vår organisasjon ei retning og møtet gav også uttrykk for ambisjonar. Dette har vore retningsgjevande for vårt arbeid dei to siste åra. Ny rammeplan var ei av dei store sakene på siste landsmøte og har vore det viktigaste grunnlaget for vårt arbeid denne perioden. Landsmøtet 2012 bestilte ny rammeplan og med det som bakteppe er det tilfredsstillande at vi på dette landsmøtet kan rapportere status der heile rammeplana er klar for implementering.
Ikkje minst har dei tilsette over heile landet gjort ein stor jobb her. Rammeplana har blitt godt motteken både innanfor og utanfor vår organisasjon. Det lovar godt for arbeidet vidare. Den nye rammeplana vil sette oss betre i stand til å gje vår viktigaste målgruppe, den enkelte elev, eit tilbod av høg fagleg og pedagogisk kvalitet.
Skal Norsk kulturskoleråd nå våre ambisiøse mål må vi utvikle ein levande organisasjon som legg til rette for viktige verdiar som demokrati, eigarskap, utvikling og at vi kan vere den organisasjonen som vår eigar forventar av oss. Difor skal vi på dette landsmøtet behandle revisjon av våre vedtekter. Det framlegget som no ligg føre vil på ein betre måte ta i vare dei verdiar som er grunnlaget for heile vårt arbeid. Vi ser fram til gode diskusjonar om dei nye vedtektene.
Vi må framleis arbeide vidare for å styrke våre ulike nettverk for at vi i betre grad kan styrke vår samfunnsrolle. Vi er komne eit godt stykke på veg men dette arbeidet må intensiverast. Det er godt å registrere det styrka samarbeidet vi har med KS og dette utviklar seg stadig. Viktig er også arbeidet med å informere og diskutere med dei ulike politiske partia både lokalt, regionalt og nasjonalt. Likså er Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet viktige samarbeidspartnarar, saman med andre kultur- og utdanningsorganisasjonar.
Vårt håp er at landsmøtet i Stjørdal ytterlegare vil styrke vår organisasjon. At vi saman etter samlinga kan starte ein ny periode med styrka samhald der vi gjer kvarandre gode, At vi har ein enda sterkare motivasjon i vårt arbeid med å gjere «kulturskolen for alle» til eit tilbod med høg kvalitet til kvar enkelt elev.
Vi vonar også at alle de som kjem til Stjørdal vil få godt utbytte av samlinga, både fagleg og sosialt. Velkomen til Landsmøtet 2016!"